|
Stefan meinte at vi treng ei ny smie. Det hadde han jo rett i - og særleg no når vi også snart får eit nytt båtbyggeri på tunet. Ein stad må vi jo smi saumen til alle dei nye båtane vi skal bygge her. Difor arrangerte den unge herren like godt ei vekes kurs i lafting slik at dei andre elevane får lært seg om kunsten å lafte, og skulen får etterkvart ei gild smie i førsteklasses handverk.
Her er dei i gang med å lafte tredje omfaret inne i reiskapshuset på garden vår. 
Andrea sletter ein stokk slik at den neste legg seg tett og fint ovanpå. 
Malte høgg ut nova med tappjarn på denne stokken som ligg med medraget (undersida) opp slik at vi kan sjå faret der ryggen på stokken under og mose skal ligge. Mosen mellom stokkane har fleire funksjonar; tetter, isolerer og transporterer fukt ut frå stokken. Den dag i dag kallast denne mosearten husmose mellom handverkarar, og etasjemose mellom biologar.

"Det er dejligt at fotografere når andre arbejder", tenkjer Malte. "Dummkopf!", tenkjer Tini;). Tini høgg kinninga på dette biletet.
Ein kopp nypete, ei kjærleg hand og ein pust i bakken er allveg fint etter hardt arbeid. No er kursveka ferdig, men arbeidet held fram i regi av Stefan med hjelp av diverse ivrige hjelparar. Utpå nyåret skal vi ta ein kikk på framgangen. Plana er at smia skal vere ferdig lafta til sommaren.
|