fbpx

Vi søker: Assistentlærer og staude

Assistent

Me søkjer personar som er ansvarsbevisste og kan jobbe sjølvstendig, er glad i skulen vår og ynskjer å bidra i det pedagogiske arbeidet, samtidleg som du har elevstatus. I tillegg til evner til formidling, så er det mykje vekt på sosiale eigenskapar. Du vert knytt opp til ei linje, men mykje av arbeidet er i forhold til heile skulen.

Søkjer særleg etter assistent på båtbygging. Kor mange og kva linje me skal ha assistent på til neste år er ikkje avgjort enno. Arbeid med sosiale medier kan vera aktuelt.

Søknadsfrist er 10. april. Søknad og spørsmål skal sendast til: insp@fosen.fhs.no

 

Staude

Fosen Folkehøgskule lyser med dette ut stilling som Staude, skuleåret 15/16. Me ynskjer å finne ei eller ein som er glad i skulen vår og ynskjer bidra til at neste år vert det beste året Som Staude fylgjer du ei linje og har i tillegg sett av tid til eigenstudie og praktisk arbeid. Sosiale eigenskapar vert lagt vekt på.

Arbeid med sosiale medier kan vera aktuelt.

Søknadsfrist er 10. april. Søknaden og spørsmål skal sendast til: insp@fosen.fhs.no